Om Aslaug

(1910 - 1966)

Aslaug Låstad Lygre
Foreldre:
Underoffiser og gardbruker Jacob Thomassen Lygre (1874–1946) og postopnar og telefonbestyar Marie Låstad (1880–1960).
Sivil status:
Ugift.

Fleire av Aslaug Låstad Lygre sine formsikre, ofte mollstemte dikt, gjerne med naturmotiv, har gått inn som ein del av vår songtradisjon. Dei er faste innslag i så vel diktantologiar som visebøker. Ho vert rekna mellom våre bygdelyrikarar og ho skreiv i eit tradisjonelt formspråk. Utover i forfattarskapet kan ein merka ei forsiktig opning mot etterkrigsmodernismen.

Livet og dikting

Lygre vaks opp i Lindås og gjekk på framhaldsskulen der før ho i 1927 byrja på Fana Folkehøgskule, der ho lot skrivegleda koma til uttrykk i skulebladet Gamal Grunn.

1932 tok ho examen artium ved Voss Landsgymnas og to år seinare handelsgymnaset i Bergen. Ho arbeide eit år i Gula Tidend (1934–35) og 10 år på kontor i Vestlandske salgslag i Bergen, men på grunn av skrantande helse – ho hadde fått tuberkulose i ungdomsåra – var hun frå midten av 1940-årene berre i periodar i arbeid.

1945 var ho innlagt ved Luster sanatorium.

Ho skreiv og mange noveller, artiklar og kronikkar i tillegg til dikt. I barneblada Magne og Norsk barneblad møter vi ofte namnet hennar i samband med små eventyr og forteljingar, i Bergens Tidende skreiv ho artiklar, ofte om historiske emner, og i Gula Tidend hadde ho reisebrev og artiklar. Dessutan skreiv ho prologar og leilighetsdikt. Ho var aktiv i Vestmannalaget.

Inntil ho var 40 år gamal, hadde Lygre knapt vore utanfor dei nære heimtraktena, men 1953 fekk ho Statens kunstnarstipend, som gav ho høve til ei lengre reisa i Mellom-Europa, og 1954 drog ho med Behrens' legat til Sverige og Finland. Gyldendals stipend gav ho høve til reiser i Danmark og Island i 1965.

Diktarskapet

Frå hennar første diktsamling som kom i 1943 «No blømer alle rosene», og fram til den siste boka Primulakveld frå 1964 gav ho ut i alt seks diktsamlingar.

Alt i debutsamlinga kjenner ein att heimtraktene hennar, Nordhordland med fjella og og kystlandskapet. 

Naturstemningar og ung kjærleik pregar denne første samlinga, men ho har også med eit lite krigsdikt, Varsel, forkledd som eit vårdikt om gauken som bodberar. 
“Då veit eg at du er fallen. / Det som eg ottast er sant.”

Elles finn ein mykje vind , veg og vandringsmann i dei to første diktsamlingane, der ein kan følgje årstidene, og sumarhalvåret vert feira i dikt med rim og rytme som ofte har eit preg av folkevisa. 

Eld av steinar (1948) inneheld hennar populære dikt “Vi skal ikkje sova”, tonesett av Geirr Tveitt: “Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, / Ho er for ljos til det – / Då skal vi vandra i saman ute / under dei lauvtunge tre.”

Den tredje samlinga, «Den einsame roaren», har ein stramare komposisjon, og dei tette, knappe dikta har óg meir fylde i naturstemningane. Det er lite av eiga vedkjenning, det er nettopp bileta og situasjonane som ber dikta, i ein allmenn eksistensiell, til tider religiøs tematikk.

Medan det er eit ruralt, tidlaust landskap som trer fram i dei tre første diktsamlingane, kjem samtida og det moderne inn som nye element i Rit di rune, med dikt om togreiser, lystbåthamner, undergrunnsbaner og rulletrapper. Perspektivet vert utvida geografisk, til eit kloster i Alpane, til kyrkjetårn i Karelen. Dikta får eit meir ekspressivt drag samstundes som ein kunsttematikk vert stadig meir tydeleg.

Dei religiøse innslaga vert sterke mot slutten av forfattarskapet, utan at varmen vert borte. Meir spanande er likevel forsøka i frie vers, som Andlet i ei reisebok, der vi sveiper rastlaust over Europa, frå Gällivare til Grenoble, frå Kiruna til Capitol, inn og ut av kaffibarar, parkar, venterom og torg, og med den avsluttande refleksjonen: 
“Å, menneske! / Eingong skal ikkje landet / vera meir – / ikkje staden og namnet, / ikkje eingong stunda. / Men berre møtet.”

Alltid lika levande

Aslaug Låstad Lygre vart 1982 heidra med ei minnestøtta av vener i Lindås. Ho fekk Gyldendalprisen 1964. At ho framleis er aktuell for tonesetjarar, viser plateutgjevinga Kveldssong ved havet (2001), der Kjersti Wiik syng Lygre-dikt til melodier av Kåre Håland. I 2005 kom Linda Fosse ut med albumet "Eit eventyr" der ho gjev ny tonedrakt til 12 av Lygre sine dikt.

Meir under tonesette dikt.

 

 

 

DIKTSAMLINGAR

  • No blømer alle rosene, 1943
  • Eld av steinar, 1948
  • Den einsame roaren, 1952
  • Rit di rune, 1957
  • Fest i september, 1960
  • Primulakveld, 1964
  • Dikt i utval, ved I. Eskeland, 1978

PLATEINNSPELINGAR

  • Kveldssong ved havet, 14 dikt av Aslaug Låstad Lygre, tonesett av K. Håland, songje av K. Wiik, 2001
  • Eit eventyr, Aslaug Låstad Lygre i ny tonedrakt. Tonesett og songje av Linda Fosse, 2005
  • I. Eskeland: “Med mollstemt lyre. Aslaug Låstad Lygres lyrikk”, i NLÅ 1968
  • K. Bakke: “Aslaug Låstad Lygre”, i Gamal Grunn 1968
  • B. Morstøl: Ein einsam roar på veg mot lyset. Aslaug Låstad Lygre som lyrikar, h.oppg. UiO, 1971
  • J. Gjerdåker: “Aslaug Låstad Lygre”, i Bokvennen, nr. 4/2002
  • Minnestøtte med portrett i bronse av Alf Rongved, 1982; Lindås

KILDE:
Wærp, Henning Howlid. (2012, 31. januar). Aslaug Låstad Lygre. I Norsk biografisk leksikon. Henta 13. desember 2018 frå https://nbl.snl.no/Aslaug_L%C3%A5stad_Lygre
og omsett av Linda Fosse.

 

Ting framsyninga om Aslaug Låstad Lygre
Close

Meld di interessa for framsyninga om Aslaug Låstad Lygre sitt liv og diktning

Fyll ut og motta info på epost.